Narsissisten husker deg ikke

 

Kjære lesere. Årets innsamling er i gang. Har bloggen hjulpet deg i året som har gått? Støtt mitt arbeid inn i 2027! Innsamlede midler brukes uavkortet til å nå ut til flere ofre for psykopati og narsissisme.

https://www.spleis.no/project/500121

1 kommentar

    1. Takk for endå ein interessant video!

      Eg snakker sjølv mykje, og går ofte inn i lange utgreiingar.
      Har ikkje npd, men har vokst opp under ein slik forstyrrelse.

      Min siste «konklusjon» ang. dette, er å ikkje ta det personlig.
      Som kan vera ein kunst.

      Eg har over eit års tid jobba med ein terapeut som er meir biologisk retta.
      Altså er vedkomande meir opptatt av det anatomiske og strukturelle ved våre plager og utfordringar.

      Etter å ha vore i mykje terapi der tilknytning og «menneske som blanke ark», har eg no studert biologien litt nærmare.

      Narcissisme, i form av reint forstyrrelse, henger saman med prefrontal cortex (som har med justering/ vurdering/ logisk sans/ hemming av impulsar å gjera). Det har i stor grad samanheng med anterior insula (fremre del), som har med romforståelse, emosjonell empati og «å kjenna seg sjøl», å gjera. Det seiast at narcissistar har mindre grå materie (hjerneceller) i dette området.
      Èin annerledes insula gjer det ikkje mogleg å knytta seg, emosjonelt, på same måte.
      Eg trur også hippocampus, som står for inntrykk/ minner/ lagring av minner, er underutvikla/ skada.

      Dette gjer, at på linje med andre forstyrrelser og sjukdommar, der faktisk ikkje er personleg. Forvirrande? Ja. Sårande? Ja.

      Eg går sjølv i fallgruva og skulle «diagnostisera», i den forstand at eg leiter etter: Er denne personen farleg eller ikkje.

      Eg tenker: Er det ADHD, så er det ikkje direkte farleg på sikt. Er det borderline, så er det utfordrande, men emosjonell empati til stades.
      Det finst også ei ADHD- diagnose som er meir i krysspunktet mot det antisosiale.
      Så at nokon seier at dei har ADHD, kan i teorien vera reelt, i forhold til det.

      Eg tenker òg me må huska at me alle har trekk av både det eine og det andre, og at desse blir det me kallar «personlegheit».

      Eg trur me som har vokst opp under dette, på ein måte er litt forvirra.
      Me har nok fått ein stor raushet, eller skal eg kalla det «overlevelsesstrategi» for kva som er «normalt» og ikkje.

      Me kan, som du nevner, registrera: Hm. Det var rart. Og så avventer me.
      Eg trur det kan vera ein styrke, men òg ein risiko.
      Sjølv venter eg, fordi eg ikkje vil dømma for tidleg.
      Samtidig ser eg også at eg venter, fordi eg sjølv ikkje vil bli dømt, og ofte med eit håp om tilknytning.
      Det er eit biologisk behov for å høyra til.
      Og når ein har prøvd å høyra til med folk som har ein slik hjerne, så ligg det nok ein slags «ubevisst mal» for å få det til.

      Narcissisten er ikkje bra nok, har djup skam, og har laga seg eit «bilde», som er motsatt.
      Eg tenker at det er ein genial form for overlevelse, men som er skjør, sidan det ikkje er «ekte».

      Eg tenker òg at mange av oss som ikkje er på det spekteret, har gjort noko lignande.
      Kanskje er både narcissisten og den andre fanga i eit slags «Messias kompleks».

      Eg kjenner meg igjen i «eg er ikkje så viktig for dei som dei er for meg».
      Bruker ein oppvekslogikk på det, så blir det veldig forståeleg.

      Og eg leiter etter bevis: Både på at eg er viktig, som endelig skal bevisa det. Og på at eg ikkje er det, som bekrefter «det eg allerede veit».
      Og eg har fått bevis på begge deler, både i oppveksten og til dels i alle relasjonar.

      Det eg trur er aller mest utfordrande, er å observera kva som skjer i kroppen vår, og i sinnet/ tankane.

      Å sjå, uten å ta på.
      Me er så vant med historien.
      Og for min del lager historien/ tankane ofte mykje krøll for meg.
      Der intuisjonen har vore sylskarp frå begynnelsen av.

      Rasjonalisering.
      Intellektualisering.
      Magisk tenkning, for å nevna nokre forsvarsmekanismar.

      Me har vel alle noko me seier inni oss, både for å bevara relasjon, og for å distansera oss til å komma ut av den, eller takla bruddet på kontakt.

      Og den «meant to be»?
      Eg trur det ER meant to be. I alle fall for dei av oss som kan dynamikken inn og ut.
      ENDELIG kan både narc og ikkje-narc, som begge er litt underernærte, løysa den store gåta.

      Kanskje er det ikkje berre for oss som har vokst opp i det.
      Kanskje er det der me ser krysninga av «dyrehjerne» og «menneskehjerne», eller eit biologisk hint om evolusjon.
      (Ikkje veit eg).

      Narc kan også ha plager.
      Og eg trur deira litt «dissosiative» tilstand gjer at mykje setter seg i kroppen.
      Det treng ikkje nødvendigvis berre vera «oppmerksomhet».
      Ein veit for eksempel at mange narc/ p får utfordringar med hjertet.

      Eg tenker:

      Det er ikkje personleg.
      Eg trur veldig mykje mellom mennesket, reint biologisk, ikkje er det.

      Det betyr ikkje at me kan gjera som det passer oss.
      At det ikkje gjer vondt å bli avvist (for det skal det gjera).

      Men min påstand er at «jeg» er ein sosial konstruksjon, så vel som biologisk.
      Trekk/ adferd som var viktig for overlevelse blei satt i fokus, og det som ikkje blei det døde kanskje ut, eller blei liggande brakk.

      Ein ser det på babyar frå dei er små.
      «Sensitiv», «robuste», «ekstrovert», «introvert».

      Å ikkje huska kan beskytta oss.
      Det kan skapa uro og forvirring.
      Det kan vera ein befrielse.
      Det kan vera ei sorg.

      Eg tenker at alt har ein funksjon.

      At dei ikkje husker oss på same måte, trur eg stemmer.
      Om det nødvendigvis betyr at me er mindre viktig for dei, trur eg ikkje.

      Og her ligg nok den aller største utfordringa:

      At to hjernar som har ulike forutsetningar for fungering, skal forstå den andre utifrå det.

      For meg er det komplett umulig.
      Det blir gjetting på høgt nivå.

      Det einaste eg kan forstå er at eg ikkje forstår korleis det må vera å ikkje kjenna seg sjølv, på eit vis.

      Eller kanskje kjenner dei seg sjølv bedre.
      Kanskje står den emosjonelle empatien i veien for å sjå seg sjølv.

      Eller kanskje har begge «blinde flekkar», og så blir det misnøye, for å sei det mildt, frå begge partar.

      Ein kan snakka om forskjellige rasar. Eller uttrykk for same opprinnelse, langt tilbake i tid.

      Så langt har det funka for begge/ alle uttrykk, på eit vis.

      Eg lever med ein følelse av å ha blitt ein «farleg psykopat med emosjonell empati».

      Eller kanskje lærer me litt av kvarandre, enten me vil det eller ikkje.

      Kroppen husker, i alle fall.
      På sitt vis.

      Det er jo ein grunn til at me står her endå.

      .

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg